Information in EnglishInformation in EnglishInformation en français
Información en españolInformationen in DeutschInformasjon på norsk

Siste utgave av Kjemi Daigitalversjon:

www.kjemidigital.no
 
 

Redaktør:

Lars Ole Ørjasæter


Nettsiden redigeres i samsvar med Redaktørplakaten
og Vær varsom-plakaten.

Utgiver:
Logo MO
Media Oslo AS
Boks 119 Manglerud
NO-0612 Oslo

Tlf. 23 15 85 00

Org.nr.
NO 958 168 799 MVA

 Abonner (RSS)

Første kvinne tildelt ALMA Excellence in Laboratory Management Award

Styret i Association of Laboratory Managers (ALMA1) tildelte i 2011 den prestisjetunge ALMA-prisen til Karina Langseth-Manrique, Ph.D. i analytisk kjemi frå Universitetet i Oslo i 1986, i dag tilsett som prosjektleiar ved GE Healtcare, Oslo. Prisutdelinga fann stad under den 32. årlege konferansen som i 2011 gjekk av stabelen 9.-11. november i New Orleans, USA.
Karina Langseth-Manrique (t.h.) mottek den prestisjetunge ALMA-prisen gitt av Agilent Technologies ved Shanya Kane, Vice president & General Manager. Prisutdelinga fann stad under den 32. årlege konferansen som i 2011 gjekk av stabelen 9.-11. november i New Orleans, USA.
Karina Langseth-Manrique (t.h.) mottek den prestisjetunge ALMA-prisen gitt av Agilent Technologies ved Shanya Kane, Vice president & General Manager. Prisutdelinga fann stad under den 32. årlege konferansen som i 2011 gjekk av stabelen 9.-11. november i New Orleans, USA.
Tidlegare ALMA-presidentar: Frå venstre John Sadowski, Claude Lucchesi, Tom Lyttle, og Wayne Collins saman med Karina Langseth-Manrique og Shanya Kane.
Tidlegare ALMA-presidentar: Frå venstre John Sadowski, Claude Lucchesi, Tom Lyttle, og Wayne Collins saman med Karina Langseth-Manrique og Shanya Kane.

Elin Gjengedal, UMB, leiar NKS – Faggruppe for Analytisk Kjemi

Fire kandidatar var nominert. Seremonien inngjekk i feiringa av det internasjonale kjemiåret (IYC 2011) og var ei anerkjenning av 100 års-jubileet for Madame Curie sin Nobelpris i Kjemi. I prisen inngår ein diplom, $3,000 pluss inntil $1,000 til dekning av reiseutgifter for å delta på konferansen. Prisen er støtta økonomisk av Agilent Technologies. ALMA tildeler prisen til personar som har utmerka seg som framifrå leiarar og som har fremma innovasjon og løfta fram nye forskarar og leiarar. I statuttane for prisen er det stilt krav om kvalifikasjonar som: «Successful mentoring and development of laboratory personnel and new laboratory managers. Demonstration of the successful implementation of significant and sustainable improvements in the operation of a laboratory organization including safety, value brought productivity».
   Karina oppfylte kvalifikasjonskrava til «The ALMA Distinguished Service Award for Laboratory management» med klar margin. Ho har meir enn 20 års leiarerfaring frå ulike stillingar innan sjukehus og farmasøytisk industri. Etter fullført utdanning ved UiO, arbeidde Karina fire år som gruppeleiar ved Ullevål Universitetssjukehus. Sidan hausten 1987 har Karina hatt sitt virke ved selskapet som i dag heiter GE Healtcare. I fem år var ho direktør for Analyseområdet i FoU ved Hafslund Nycomed AS/Nycomed Imaging AS/Nycomed Amersham AS/Amersham Health AS, eit selskap i stadig forandring. Sidan 2000 har Karina som prosjektleiar opparbeid seg ei allsidig erfaring og eit stort nettverk nasjonalt og internasjonalt. Kompetansen hennar er allsidig, og for utan faget som opplagt ligg hennar hjarte nærast (analytisk kjemi) har ho kompetanse på produktutvikling, metodevalidering, kvalitetssystem, kvalitetssikring, kvalitetsleiing, risikovurdering, strategiplanlegging, omorganisering, teknologioverføring, tverrfagleg lagarbeid, prosjektleiing og rettleiing av både studentar og nye leiarar.
   Karina har evna til å tenkje nytt og ho utfordrar andre på nyskaping. Ho er ein føregangsperson med omsyn på deling av kunnskap og som det organisasjonsmenneske ho er, har mange fått glede av talentet hennar.
   Karina vart medlem i ALMA i 1993 og det skulle snart vise seg at dette er ei dame med stor arbeidskapasitet og engasjement. I 1998 var ho initiativtakar og medstiftar av EuroALMA, og president for den første EuroALMA-konferansen i Oslo same år. I perioden 1998-2005 var ho styremedlem i EuroALMA og primus motor i organisering av alle EuroALMA konferansane. I 2003 vart ho så valt til president i ALMA, med hovudsete i USA. Samtidig med aktiviteten i ALMA var Karina ein pådrivar i Norsk kjemisk selskap – Faggruppe for analytisk kjemi i 10 år. I NKS-FAK var ho nestleiar i perioden 1994-1998, då ho overtok leiarsetet fram til 2002. I ei årrekkje har Karina vore aktiv i organisasjonskomiteen for «The Norwegian Symposium in Chromatography», først som medlem i 1999-2005 og som leiar sidan 2006.
   Lagarbeidet Karina organiserer blir lagt merke til – Studentar og unge forskarar rosar hennar innsats og det er mitt håp at dei let seg inspirere til frivillig innsats innan fagområdet analytisk kjemi i åra som kjem!

Fakta:
ALMA var skipa av Professors Claude Lucchesi, Northwestern University, og Tom Lyttle, Iowa State University i 1980 (www.labmanagers.org). Sidan har selskapet vokse og har i dag lokale avdelingar i fleire regionar i USA, Afrika, Australia, Europa og Saudi Arabia. Meir enn 700 laboratorieleiarar frå heile verda er medlem i ALMA.